Stikkord: TPIGS3—-

Industritekstilfaget, garnframstilling

Industritekstilfaget, garnframstilling skal leggje grunnlag for yrkesutøving i garnindustrien og framstilling av nyskapande og tradisjonsrike garnprodukt av høg kvalitet. Faget skal også medverke til å utvikle kvalitetsmedvit og kunnskap om ny teknologi og råvarer.

Opplæringa skal medverke til at lærlingen utviklar kompetanse i sikker handtering av garnframstillingsmaskiner, utstyr, råmateriale og styringsverktøy. Vidare skal opplæringa fremme evna til sjølvstendig arbeid og evna samarbeid med andre faggrupper.

Opplæringa skal leggje til rette for variert arbeid med maskiner og utstyr. Opplæringa skal gi trening i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av utført arbeid. Krav til helse, miljø og tryggleik skal inngå i opplæringa. Vidare skal opplæringa leggje til rette for fagleg utviklings- og forbetringsarbeid og fremme forståing for effektiv og rasjonell produksjon.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er fagoperatør i garnframstilling.