Stikkord: TPTLM3—-

Truck- og liftmekanikerfaget

Vg3 truck- og liftmekanikarfaget handlar om kontroll, feilsøking, vedlikehald og reparasjon av truckar og liftar med tilhøyrande utstyr. Faget skal vere med på å utvikle kompetansen lærlingane har i å halde ved like, reparere og kontrollere ulike maskiner, og førebu dei på å følgje utviklinga innanfor teknologi og alternative driftskjelder for truck og lift med tilhøyrande utstyr. Faget skal medverke til at samfunnet og arbeidslivet har mekanikarar som kan halde oppe kvaliteten og driftssikkerheita på truckar og personløftarar i dag og i framtida, og som sikrar miljøomsyn i dette arbeidet.